Høgtun Kultursenter ligg fritt og høgt på Høgtun, øvst i bustadfeltet Nesan på Øyslebø, og er ein utruleg vakker stad å ha bryllaup, selskap, møte, seminar eller andre tilskipingar. Me vågar påstanden om at dette er den vakraste staden på heile Agder!

Me tilbyr lokale til:

  • Kurs
  • Møte
  • Seminarar
  • Utstillingar
  • Bryllaup
  • Overnatting

Det som er spesielt med Høgtun, er det store anlegget: Her har gjestene verkeleg stor plass å boltre seg på! Magnus Skjæveslands Sal, Peisestova, Borghallen, Veslesalen, glastuben, Det blå rommet, Hobbyrommet og Mållagsstova – i tillegg til to kjøkken, to dusjrom og 6 toalettrom!

Dessutan står det eit elevrom slik som det såg ut i 1923, då Høgtun var folkehøgskule. Vidare har me 5 doble soverom med sengeplass til 11 personar, pluss eit femmannsrom (5 enkle senger). For funksjonshemma/rullestolbrukarar har me tilgang både i 1. og 2. høgda.

Uteområdet er ein flott hage med stor plen, flaggstong, blodbøk, rhododendron, roser, kaprifolar, klematis, staudar og sommarblomar i plantetønner. Bygningane og området rundt har ein verdig atmosfære som innbyd til selskap av denne typen. Me har ikkje hagemøblar, men leigetakar kan setje ut lange benkar (frå Borghallen) og grøne benkar med ryggstø (frå glastuben) om han vil. Alt utstyr elles på kjøkkenet og til servering har me.

Når det gjeld mat, så vel du sjølv om du vil berre leige lokala og tinge maten andre stader, eller om du like godt vil tinge maten òg på Høgtun.

 

IMG 0196


hogtun-brevlogo

Høgtun Kultursenter ligg fritt og høgt på Høgtun i Øyslebø. Det er ein utruleg vakker stad å ha bryllaup, selskap, møte, seminarar eller andre tilstellingar.

Me våger påstanden om at dette er den finaste staden i Agder!

Kontakt Borghild Løver >>

kart-3

AVSTANDAR til Høgtun kultursenter

Oslo  363 km
Arendal 109 km
Kristiansand   43 km
Mandal   20 km
Flekkefjord   85 km
Stavanger 210 km

Innhold © Høgtun Kultursenter. Webdesign ©2024 Web Norge.