La oss presentere Høgtun på 25 sek.:

Høgtun Kultursenter er tusenårsstaden til Marnardal kommune og blir brukt som museum og selskaps- og møtelokale.

Den tidlegare folkehøgskulen frå 1921 er særleg populær til bryllaup og overnatting. 

 


 

Presentasjon 110 sek.:

 

Høgtun Kultursenter er tusenårsstaden til Marnardal kommune og feststova til alle, fjern eller nær, som ønsker  å feire  noko spesielt – og lag og foreiningar som ynskjer å ha møte eller samlingar. Anlegget vart bygd som folkehøgskule i 1921 og var ein viktig lærestad i handverks- og husstellfag for all ungdom. Då folkehøgskulen vart lagt ned, vart det frå 50-talet linjedelt ungdomsskule her, som ein av dei første i landet. Etter ei tid på 70- og 80-talet der anlegget stod til nedfalls, tok lokale eldsjeler grep, og etter eit utal dugnadstimar var det heile redda – men det var 4 rivingsvedtak i kommunestyret på verkstadbygget og 1 røysts overvekt som gjorde at det vart ståande. I dag  vert Høgtun Kultursenter drive av ei lokal foreining, og er med sitt rikhaldige utstyr og høve til overnatting særleg populært for bryllaup. Her kan det være selskap for 20-120 personar ettersom det er 3 festsalar.  Opptil 18 soverom gjer det lettvint for dei som ikkje har lyst til å forlate feststaden. Kjøkenet er nett pussa opp, men elles er mykje av særpreget frå folkehøgskuletida teke vare på, noko som gjev staden ei unik atmosfære.

I tillegg til utleige og overnatting, husar anlegget òg eit flott museum med gamle gjenstandar og ei nydeleg skulptursamling etter Sigurd Nome. 


 

Wedding - Laura and Øyvind


hogtun-brevlogo

Høgtun Kultursenter ligg fritt og høgt på Høgtun i Øyslebø. Det er ein utruleg vakker stad å ha bryllaup, selskap, møte, seminarar eller andre tilstellingar.

Me våger påstanden om at dette er den finaste staden i Agder!

Kontakt Borghild Løver >>

kart-3

AVSTANDAR til Høgtun kultursenter

Oslo  363 km
Arendal 109 km
Kristiansand   43 km
Mandal   20 km
Flekkefjord   85 km
Stavanger 210 km

Innhold © Høgtun Kultursenter. Webdesign ©2024 Web Norge.