Dei mange romma har ulik storleik og brukspotensiale, her er eit nærare oversyn:

I 1. høgda: MSS, Peisestova, kjøkken, gangar, 2 toalett, 1 rullestoltoalett, bøttekott.

 

02

MSS (Magnus Skjæveslands Sal) har plass til eit bryllaupsbord for 80 personar, og har ståande 9 bord (140x80) med kryssbein, 6 ileggsplater (120x80) til desse, 8 vanlege bord (140x80) med hjørnebein og 85 blå stolar (ståande i MSS/gang).

 

CIMG4066

Peisestova har 3 massive, raude langbord med plass til 35 personar, og har i tillegg to sofagrupper med plass til totalt 15 personar. Ståande i Peisestova finn du 28 trekvite stolar laga av elevar frå den tida Høgtun var folkehøgskule. Som namnet viser, har me sjølvsagt peis og ved her! (– hugs berre å fyre langsamt og langt inne, så me ikkje uroar brannvesenet ---).

 

I 2. høgda: Borghallen, femmannsrom, Veslesalen, glastuben, Det blå rommet, dametoalett, herretoalett, rullestoltoalett, Mållagsstova, Hobbyrom, kjøkken med kjølerom, ”Elevrom anno 1923”, 5 doble soverom, 2 dusjrom med totalt 4 dusjar (kombinert med vaskerom).

 

03

Borghallen eignar seg ved meir enn 80 middagsgjester (maks 130), og har 20 bord (140x80) med hjørnebein og 100 burgunderraude stolar ståande i Veslesalen (=stol- og bordlager). I birommet til scena er det ein talarstol.

 

CIMG4074

Blåstova har sofagrupper med plass til 15 personar og eit piano.

 

CIMG4073

Mållagsstova har eit lite langbord med 8 grøne stolar til, i tillegg til 2 mindre bord, 1 knaggrekkje, 1 hjørneskap og 1 trøorgel.

 

CIMG4075

Glastuben er bindeleddet mellom Borghallen og resten av romma i 2. høgda, og blir av nokre brukt til å ha velkomendrink/gåvebord/bar.

 

Andre rom:

Hobbyrommet har 10 smale, blå bord ståande, og mange brukar nett dette rommet til å ha gåvebord.

5-mannsrommet er i 2. høgda i Borghallen, og har overnattingsplass til 5 personar i einskildsenger om sommaren. Frå oktober til april er rommet disponert av Marnardal Sykkelklubb til spinning.

”Elevrom anno 1923” fungerer som museumsrom, og må gjerne verte vist til interesserte gjester.

 


hogtun-brevlogo

Høgtun Kultursenter ligg fritt og høgt på Høgtun i Øyslebø. Det er ein utruleg vakker stad å ha bryllaup, selskap, møte, seminarar eller andre tilstellingar.

Me våger påstanden om at dette er den finaste staden i Agder!

Kontakt Borghild Løver >>

kart-3

AVSTANDAR til Høgtun kultursenter

Oslo  363 km
Arendal 109 km
Kristiansand   43 km
Mandal   20 km
Flekkefjord   85 km
Stavanger 210 km

Innhold © Høgtun Kultursenter. Webdesign ©2024 Web Norge.