Forskotsbetaling/fastsett leigepris

For å unngå avlysing i siste lita og dermed økonomisk tap, er me nøydde til å ta forskotsbetaling på 50% av leigeprisen. Reservasjonen er fyrst gjeldande når dette er betalt. Faktura på forskotsbetalinga er lagt ved. Ved ei evt. avlysing, vil Høgtun nytte pengane som avlysingskostnad og leigetakar vil ikkje få andre utgifter. Ved innbetalt forskotsbetaling er leigeprisen fastsett, og ein evt. prisauke vil ikkje kunne få innverknad på den avtalte prisen med leigetakar uansett om leigetakar har tinga fleire år i førevegen.

Me set pris på å få ein telefon dersom det er noko de lurer på. Det er alltid mogleg å nå Høgtun på tlf. nr. 38287718, uansett dag/kveld eller kvardag/helgedag, for me vidarekoplar telefonen. – Me ynskjer å vere mest mogleg kundevenlege!

 

CIMG4049