Middagstilbod ved bryllaupsselskap

Høgtun kan servere bryllaupsmiddag etter ynske, ta kontakt for å få meny og prisliste.

Inkludert i prisen er:

Rigging av middagsbordet og dekking av dette på førehand.

Me heiser flagget og serverer velkomendrinken og tek oss av gjestene når dei kjem straks etter kyrkjeseremonien.

Sjølvsagt inngår i prisen alle servitørar i tillegg til kokka, og desse tek oppvasken frå middagen.

Servitørane set fram kaker og bestikk/servise på kakebordet etter middagen og koker kaffi.

Dessutan tek me oppvasken dagen etterpå dersom det som skal vaskast er sett ut på kjøkkenet.

Kort sagt: Her får de heile bryllaupet ”servert” og kan slappe av både i for- og etterkant. Ikkje minst er det ein føremon at me er til stades frå bryllaupsseremonien byrjar, slik at me kan ta imot evt. gåver, sidan dei fleste bryllaupsgjestene då er i kyrkja

Det som leigetakar har ansvar for å rydde til/frå, er: Pynt (blomar, ljos, serviettar), gåvebord, småbord til kaffi, drikkevarer (velkomen-/brus/vin/bar), kaker, evt. musikar og evt. skitne glas/servise ut på kjøkkenet dagen etter.

NB! Tre viktige hugsereglar:     

1) Musikken må slutte kl. 02.00.       

2) Overalt inne er det røykeforbod.    

3)  Stiletthælar er forbode.

 

07

 

Forutan matlaging/catering, vil eit bryllaup på Høgtun inkludere fylgjande moglegheiter i tillegg til leige/vask:

Leige av lokala heile helga

Vask av lokala, frå 5-9 timar når heile anlegget er leigd, og frå 2-5 timar når berre den eine høgda er nytta.

Evt. leige av kvite dukar (små ( 1.60 m lange), mellomstore ( 2.05 m) og store ( 3.20 m). Borda våre er 80 cm breie og 1.40 m lange.

Evt. leige av kvite tøyserviettar (50x50 cm)

Evt. leige av kremkvite dukar i ”nervøs fløyel”.

Evt. Overnatting.

Evt. serveringshjelp/ryddehjelp på bryllaupsdagen og/eller dagen etterpå, for avtalt timepris per servitør.

04

 

Lokala vert leigd frå fredag kl. 09.00 til sundag kl. 19.00, men dersom det er ledig torsdag, yter Høgtun den ekstrasørvisen å late leigetakar få nytte lokala allereie frå torsdagen utan ekstra kostnad.

Av erfaring tek vaskinga av lokala ulik tid, det kjem heilt an på bruken (med mykje kliss, må det gnuast og gnikkast) og vêret (faktisk: er det regnvêr, vert mykje søle og sand drege inn). Difor kan me ikkje tidfeste vasken, men berre gje ei ramme på 5-9 timar.

Dei kvite dukane og serviettane er ferdig strokne (skal ikkje vaskast av leigetakar, men berre ristast og leggjast opp ved sida av vaskemaskina i 2. høgda etter bruk). Dukane er alle 1.55 m breie og vert leverte torsdag.

Dei kremkvite dukane i ”nervøs fløyel” er av typen som ikkje skal strykast, og har difor ein langt rimelegare pris (totalt 50 meter i 140 cm breidd av ulik lengd).

Dei seks soveromma er ikkje inkludert i leigeprisen, men er eit godt tilbod til gjester som kjem langvegsfrå, sjølv om standarden er enkel: Dusj og toalett på gangen. Gjestene kan velje om dei vil sjølve ta med seg dynetrekk, putevar, laken og handkle, eller om dei vil leige dette.

 
 

08Blomar, talar/songar og festklede

Blomepyntinga kan du setje bort til Mettes blomst og gave, ein triveleg blomebutikk midt i Øyslebø Sentrum, tlf. 90407017.

 

 

 

 

 

Ynskjer de musikk?

camilla-musikk

 


hogtun-brevlogo

Høgtun Kultursenter ligg fritt og høgt på Høgtun i Øyslebø. Det er ein utruleg vakker stad å ha bryllaup, selskap, møte, seminarar eller andre tilstellingar.

Me våger påstanden om at dette er den finaste staden i Agder!

Kontakt Borghild Løver >>

kart-3

AVSTANDAR til Høgtun kultursenter

Oslo  363 km
Arendal 109 km
Kristiansand   43 km
Mandal   20 km
Flekkefjord   85 km
Stavanger 210 km

Innhold © Høgtun Kultursenter. Webdesign ©2024 Web Norge.