headerbilde

Høgtun Kultursenter ligg i Øyslebø, i Marnardal kommune.
Hjå oss kan de ha ulike typar selskap, seminar og møte.
 
ute-1Gjestene har verkeleg stor plass å boltre seg på hos oss på kurs, seminarar, bryllaup, møter eller anna. Vi har også moglegheitar for overnatting.
 
Magnus Skjæveslands Sal, Peisestova, Borghallen, Veslesalen, glastuben, Det blå rommet, Hobbyrommet og Mållagsstova – i tillegg til to kjøkken, to dusjrom og 6 toalettrom!
 
Dessutan står det eit elevrom slik som det såg ut i 1923, då Høgtun var folkehøgskule.
 
Velkomen til oss!

02Me kan dekke til fest - til dømes til bryllaup. Me har alt som skal til av ulike bordtypar, dukar og utstyr.

Høgtun kan servere bryllaupsmiddag etter ynske, ta kontakt for å få meny og prisliste.

Her får de heile bryllaupet ”servert” og kan slappe av både i for- og etterkant. Ikkje minst er det ein føremon at me er til stades frå bryllaupsseremonien byrjar, slik at me kan ta imot evt. gåver, sidan dei fleste bryllaupsgjestene då er i kyrkja.

Sjå bilete frå festdekt bord >>
Les meir her >>

face-hogtun

hogtun-brevlogo

Høgtun Kultursenter ligg fritt og høgt på Høgtun i Øyslebø. Det er ein utruleg vakker stad å ha bryllaup, selskap, møte, seminarar eller andre tilstellingar.

Me våger påstanden om at dette er den finaste staden i Agder!

Kontakt Borghild Løver >>

AVSTANDAR til
Høgtun kultursenter
Oslo  363 km
Arendal 109 km
Kristiansand   43 km
Mandal   20 km
Flekkefjord   85 km
Stavanger 210 km

kart-3 

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter Del på LinkedIn Del på MySpace

Webløsning ©2012 av Salit basert på Joomla